Stikk UT! Stifond
(Gjeld Møre og Romsdal og Heim kommune)
Stikk UT! Stifond skal brukast til «førstehjelp» til Stikk UT!-stiar med stor slitasje i Møre og Romsdal og Heim. Fondet er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og dei to friluftsråda i fylket, Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre Friluftsråd.
Sparebanken Møre har også i 2024 tildelt Stikk UT! kr 500.000 til utbetring og vedlikehald av dei mest slitte stiane som har vore, er eller skal bli Stikk UT!-turmål. Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar og frivillege kan søke opptil kr 15.000,- pr. tiltak. Her finn du meir informasjon og søknadsskjema.